Tomas

I dag er det min kjære mann som er «gjesteskribent».

Det er mange personar som gjer inntrykk når Bibelen skildrar hendingar etter påskedag og det som skjedde desse dagane. Ei fortvila Maria vart til ei jublande kvinne. Læresveinflokken virra i alle retningar, nokre rusla bort frå Jerusalem til Emmaus, andre ville ut på fisketur igjen, tilbake til det gamle og ”trygge”, og vi finn nokre innelåste på eit rom i stor redsle. Men i møte med Jesus, den levande, blir alt forandra. Og trua vert styrkt og dei vert frigjorde ”Jesus-truande” menneske.

Og så er det Tomas. Han var ikkje med, hadde ikkje sjølv fått sett det som andre vitna om og som forandra dei. Og han var ærleg, heilt ærleg: Får han ikkje sjå og kjenna sjølv, kan han ikkje tru! Joh 20, 25

Var det ei bøn? Eit ynskje og eit sukk? Eg trur det var eit rop: ”Vis deg for meg!” Eg synes det er fint at han sa det slik, var ærleg. Jesus toler å høyra det, toler å høyra korleis vi kjenner det. Tomas hadde sagt det før; i Joh 14.5 er han ærleg og seier at han ikkje ”veit vegen”. Og Jesus forklarer han vegen og svarar på bøna hans. Nå er han her igjen og innrømmer at han kan ikkje tru utan at han får sjå og kjenna.

Velsigna Tomas. Han er eit eksempel for oss, han uttalar sin tvil og fortviling, og Jesus grip inn og let han få svar! Jesus har sagt at den som vil gjera Guds vilje, den som vil tru, han skal få kjenna at Jesus er sann og verkeleg. Joh 7,17. Så du som kjenner deg som ein Tomas, er fortvila over å ikkje få til å tru: Sei det til Jesus, rop det til han! Han toler å høyra det. Og han skal gje deg svar. Gjer som Tomas: sei til Jesus korleis du har det, og lat han få visa seg for deg, i Ordet sitt, med sitt nærvær, og lat deg møta og overbevisa av hans nærleik.

I Job 35,14 står det: ”Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han”.

Han ser deg! Og så skal du få oppleva det som Hagar opplevde i 1.Mos.16, langt ute i øydemarka på veg bort frå alt og alle og i stor naud: ”Eg har sett skimten av han som ser meg!”
I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda!Jes. 57,15

Så rop til han, han toler å høyra det, og han vil gje deg svar, vær ved godt mot!

Ottar Hope

Send på epost til en venn Send på epost til en venn